Førde bedehus er samlingsplassen for Førde Normisjon sitt arbeid. Det er ca 2 søndagsmøte, ofte med tema, kvar månad. Kvar haust blir det arrangert samlingsfest i aug/sept og basar i okt. Bedehuset blir også brukt av andre organisasjonar og kyrkjesamfunn.
Visjon for Førde Normisjon:
Førde Normisjon vil vere eit levande og veksande fellesskap som tilber Gud, vitnar om Jesus og tener medmenneske.
Førde Normisjon:
Leiar valgt på årsmøte 28.2.21: Karl Øystein Haug (tlf 91141444). e-post: karl@fjordan.no
Vi følgjer smittevernreglane som gjeld til ei kvar tid,
og håpar at vi kan få til å samlast med jamne mellomrom i 2021 utan mange nedstengningar.
Vi har eigen kalender med semesterprogram (sjå kalender)
Det er fleire grupper knytt til Normisjon:
Bibelgruppe for ungdom
Samling i peisestova i bedehuset kvar tysdag kl 18.00
Kontaktperson: Elida Østergaard Bruland (tlf 47350954).
e-post: elida.ost@gmail.com
Kvinnelaget
Leiar: Bjørg Fuhr (tlf 47617511)
Bibelgruppe annakvar torsdag heime hjå medlemane.
Menn for misjon
Leiar: Inge Bakke (tlf 99256299)
Misjonsgruppe med møte i heimane tysdag ca. tredje kvar veke.
Samarbeid mellom Normisjon og Israelsmisjonen.
Den andre Sandalen
Leiar: A. F. Larsen (tlf 95857683)
Bibel- og misjonsgruppe, med møte i heimane tysdag ca. tredje kvar veke.
Bedehusnemnd
Leiar: Leon Haugsbø (tlf 95051862)
Ei nemnd nedsett for å jobbe med å utbetre Bedehuset.
Norfellesskapet
Møtepunkt med lovsang og forkynning. Det vil vere fokus på unge vaksne og studentar, men alle er velkommen uansett alder.
Det er annakvar søndag, i oddetalsveker, kl17.
Kontakt: Stian Stokkebekk (tlf 40616721)